fredag 29. august 2008

Ferdig............

Så er dei ferdig, 2 små brikker. Med forstørrelseglas påmontert vanlege briller gjekk det nokolunde greit. Prøvde først å bruke glasa på progresive briller, men det vart berre tull.
All ære til den som har komt på ideen med slike forstørrelseglas. Har prøvd andre variantar, men blir liksom ikkje heilt fornøgd med tilstanden då.
Så spørs det kva motakaren synes, brikkene skal være gave til min sønn,s svigerforeldre "over there".

Ha ei fin helg, alle som er innom. Eg skal tilbringe den på hytta.

søndag 24. august 2008

Hardangersaum

To slike små brikker i hardangersaum er blitt til den siste veka. Heilt ferdig er dei ikkje, men nokre dagar til og så skulle det gå bra. Det meste arbeidet no er knappehulls-kanten rundt. Både fordi det er noko "herk", og synet ikkje er det beste lenger.

I mine auge er hardangersøm finast i lin, og sydd med lintråd. Men det er berre for yngre auger utan sjå-glas, ikkje bestemødre med syn som går hit og dit...

onsdag 13. august 2008

Rød hekla-løpar

Denne har blitt til "litt etter litt" på jobben. Men no er den ferdig, og det i veldig god tid før jul. Målet er ca. o,45 x1,20 pluss frynser i begge endar. Om den endar i ei skuff eller under juletreet, tja-kven veit. Ferdig er den, til tross for hekle-hull på fingeren og mykje anna som frista meir inn i mellom.
Og andre ting er alerede på gang, foto kjem om ikkje så mange dagane...

tirsdag 5. august 2008

Langtidsprosjekt...

Dette skal om nokre år bli eit dobbelt sengeteppe. Det er litt "til og frå" arbeid. Tøybitane har eg bretta godt rundt papir-malen og festa med binders. Eg skjønte fort at å bruke knappenåler her, det vart reine torturen. Så syr eg med små sting fra vranga, og det blir ganske greit synes eg.

Eg syr opp ein del "blomster-rosettar, før eg legg ubleika kvit i mellom. Rosettane er også eit greit arbeid å ha med på reiser, puttar tøybitane, nål og tråd, og negleklippar i ein liten boks og vips, klar til avgang. Brodersaksa blei beslaglagt etter første forsøk....

Er komt godt i gang, har kansje snart til ei enkeltseng, men så ville eg ha det dobbelt....
Om ikkje tolmodigheita tar slutt før då.

lørdag 2. august 2008

Sommar....

Dette er sommaren eg seint gløymer. Skjeldan har vel eg våre så heldig med 4 ferieveker.

Første veka var eg åleine på hytta, før eg henta gromguten på Gardemoen. Og sjølv om guten lengta heim, hadde vi nokre flotte dagar både på hytta og heime blandt pappeskene..

Tredje veka reiste vi to til Sunnmøre til oldebesta og tante Kari, som er søstra mi.

Fjerde veka tilbake til heimen, med gamle mor og guten som skulle avleveres til heimreise. Og enda rakk mor og eg 3 dagar på hytta i årets flottaste dagar......

Kl. 21:30 torsdag kveld, heimreise frå hytta.

Litt håndarbeid blir det, sjølv om det å strikke i sommarvarmen ikkje er like enkelt alltid. Dette er resten av gamle kleshengare.

Den gamle gyngestolen har fått ei ny pute i sommar. Måtte ha litt skarpe og glade fargar. Alt er restegarn i forskjellige baby-garnkvalitetar.


Gromguten heime hjå tanta Kari. Dette var 7. året vi besøkte dei ei veke om sommaren. No er det ekstra moro, når det er komt barnebarn der i heimen også.


På stranda med ein haug med små slektningar. Dette var ein kjempefin dag, der både små og store var ganske utslitt når kvelden kom. Dagen blei avslutta med kalas hos oldebesta.... nysteikte sveler...........


Eit baby-teppe som er blitt til litt etter litt, på hytta. Må alltid ha noko liggande der....
Dette er også restegarn, samme som puta.


Vi prøvde oss på krabbefiske frå kaikanten. Utan hell.. Kansje var vi ikkje tolmodige nok.