mandag 29. desember 2008

Romjulsdrøm....

Ikkje noko er så usikkert
som sola på Vestlandet.
Ikkje ein gong meteorologane
veit når den dukkar opp.

Måtte dere alle få eit fredfylt og nytt år slik som desse bilda bærer preg av.

tirsdag 23. desember 2008

Du grønne glitrende tre....

Jul i havet kan gi mange utfordringer, og overraskelser. På søndag blei 5 juletre pynta, i tillegg til mykje anna glitter og stas som skulle på plass. Den første forsendelsen med friske blomster som kom her på lørdag, såg ut som dei hadde seilt rundt på dei 7 hav i lenger tid. Dei hadde opplevd både tørke og kulde. Dei fleste kom alikevell på bordene lørdags kveld, og får delta i jula så lenge dei orker... Nå er blomster-oppsatsane kom også, med mindre og koseligare reiserute.

Inne ved stammen på den store flott edelgrana blei det funnet et velbrukt reir. Både unger og fuglelus hadde forlatt heimen. Vi syntes dette var så spesielt, at det måtte vi ta vare på. Så i tillegg til all anna pynt, har nå dette treet fått 3 hardkokte hønseegg. Det var det beste vi kunne klare...

Sjølv reiser eg heim 2.juledag, til litt forsinka julefeiring. Slik er det, og vil alltid bli, for oss som har jobbar der einkvan alltid må vere tilstede.
Skulle så gjerne ha vert innom bloggen til kvar enkelt av dere der ute, men tida strekk ikkje alltid til. Får ta ein "kikk innom runde" når eg er komt heim i godstolen...
Vil sende dere alle ei julehelsing med nokre ord som ei ung jente sendte mor si i Nordsjøen. Det kunne nok ha vert skrevet av hvilken som helst ungdom, til ei mor eller ein far som ikkje er heime denne eine spesielle kvelden.
Hei mamma...
Nå blei du vel overraska. Eg tenkte eg skulle sende deg ein julehelsing så du kan kose deg med der ute i havet. Og nå håpar eg at du blir glad, for det er jo det jula handlar om. Ja, for det er den tida igjenn. Tida for julepynt og innkjøp av julegaver, tida man skal være glad og munter og berre vente og forbrede seg på den 24. Julafta...
Dette er ei lita gave, ikkje berre til deg mamma, men til alle i nordsjøen og alle på land. Eg har jo fortalt deg det før, om korleis det er å mangle nokon på julafta. Om korleis det er med ein tom stol der det skulle sitte nokon.
Men hvis det er nokon som leser dette, som som har nokon dei er glad i som skal være vekke i jula for første gong: det går greit. Det er selfølgelig kjipt, men det går greit.
Og mamma, vi er her alle vi, og ventar.....god jul frå jenta di.



søndag 21. desember 2008

4. søndag i advendt

Vi tenner fire lys i kveld
og lar dem brenne ned
for lengsel, glede, håp og fred,
men mest allikevel
for fred på denne lille jord
der menneskene bor.

Jeg ønsker deg mye,jeg ønsker deg vell.

Jeg ønsker deg lykke, jeg ønsker deg hell.

Jeg ønsker deg julen du selv ønsker deg,

og håper du ønsker det samme for meg.

Ha ein fin kveld.

søndag 14. desember 2008

Så tenner vi tre lys...

Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv,
og oss som er til stede.
Så tenner vi tre lys i kveld
for lengsel, håp og glede.

Lengsel kan være så mangt, men nett no i førejulstida, er det nok savnet etter borna og barnebarnet som står sterkast.

Ha ein fin søndagskveld, alle der ute..


lørdag 13. desember 2008

Fleire hansker

Noko godt bilde blei det ikkje, men nye hansker, og eit panneband er det blitt. Passeleg greit strikketøy når ein sit rundt på flyplassar og ventar.. Garnet er italiensk og heiter Barbie. Det er første gangen eg bruker dette, og er veldig fornøgd med kvaliteten. 100% ull, som skal handvaskes..

No er eg på jobb langt til havs, men prøver å følge med på blogging. Det er ikkje alltid eg har overskudd til å være innom og legge att kommentarer, ei lita kveldsstund går fort.

Nå i dag har vi full storm med orkan i perioder. Bølger store som hus, ja det er sant. Farlig er det ikkje, derimot veldig fasinerande å sjå på sjøen som kjem innover og slår opp etter beina på plattforma. Er litt bekymra for Nissen og Rudolf. Er ikkje nett sledeføre ute, her no....

Ha ein fin lørdagskveld alle der ute...

mandag 8. desember 2008

PIF-Gave

I dag har eg fått gave, så utruleg uventa at eg vart heilt stum. Avsender er Evas univers, og ja den blei videresendt til rett adresse. I går vart eg "interjuva" av Bea om adresser, julepost-henting etc. I dag blei eg fortalt at nokon prøvde å spore meg opp... Og tusen takk for det.
Men som ei gamal tante brukte seie: det vart no reint for mykje. Men du skal vite, eg blei kjempeglad.
Det måtte prøvast, og fotograferast med ein gong. Kjempefint er ordet.....

I morgon er det avreise til Nordsjøen. No er huset "pussa og stelt" med lett hand. Juletreet er pynta, dukar og anna stas komt på plass. Pakkar blei sendt i dag, julekorta skriv eg ein kveld på jobb. No kan gamlenissen Mads passe huset til eg er tilbake i romjula.


Det er liksom ikkje heilt klart før julekrybba er komt på plass. Det er det siste eg finn fram, så har nissane "herja" frå seg, og alle tar hensyn til kvarandre og feirar ei snill og god jul...
Ha ei fin veke dere som no snart skal inn i juleinn-spurten. Prøv og kos dere litt i mellom slaga...
Eg veit at eg får nokre hektiske veker, vi prøver å lage ei så fin og god jul vi kan, der ute i have.
Og kan ein ikkje vere heime ein slik kveld, så er ikkje oljeplatformene å fornekte.



søndag 7. desember 2008

Så tenner vi to lys....

Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.

Det eg håpar på aller mest her og no, er at den gamle symaskina mi skal kunne reparerast.
Desse vottane er blitt til i helga, 50% spelsau og 50% hundeull. Dei blir berre mjukare og tettare dess meir dei blir brukt. Om nokon lurte, det er julegave til meg sjølv, dette og...

lørdag 6. desember 2008

Litt nytt og litt gammalt

Eg er nok litt seint ute, men dette er hatten med alle deltakarene i mitt store 1-års jubeleum. Den heldige vinner er i dag høytidelig trekt, og heiter Liv ..... HURRA.



Og dette er juleduken som søstra mi kom med i september, om eg kunne vere så snill å sette band på... og snill som eg er svarte eg ja og la den i eit skap. . Der kunne då både historia og duken ha endt sine dagar, men seint torsdag titta den fram og ville feire jul. Nå er duken ferdig, og symaskina død...


Desse hanskane har eg strikka til meg sjølv. Litt egoistisk kan ein vere opp under jul, er ikkje sikkert nokon andre hadde tenkt på at desse ville eg ha...


God helg til alle som er innom...



fredag 5. desember 2008

Utfordring

Eg har fått ein utfordring frå Sologbolig.

Slik er den:
Fortell 7 ting om deg sjølv, både allminnelige og spesielle.

Utfordre 7 nye bloggere.

Då får eg prøve så godt det let seg gjere seint ein fredagskveld.

1. Er mor, svigermor og bestemor.
2. Er veldig glad i bøker...
3. Stortrivs med handarbeid, har alltid 2-3 prosjekt i arbeid.
4. Jobbar på hobbybasis med slektsgransking.
5. Kan ikkje synge.
6. Kan heller ikkje veve...
7.Og kan slett ikkje like havregraut.

Vart dette noko morsomt då.... meiner bestemt at eg har vert igjennom noko liknande her før ein gong.
No oppfordrar eg andre til å prøve seg. Det får bli nokon av dei på lista mi som ikkje fikk award hos meg i går: 9na, Anne-Berit, chocolatehead, Frk.Badegakk, Lena, Liv, Hilde C.

torsdag 4. desember 2008

Award...

Denne awarden fikk eg frå Anne-Berit. Føler både takksemd og ærbødigheit over å ha komt i betrakting blandt så mange bloggere.




Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet irom, tid og forholdrne er usedvanlig sjarmerende og søte,og formålet er å finne og å være venner.De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,vil enda flere vennskap ha forplantet seg.Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere,som igjen må velge seg åtte nye.Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.



Å få sendt den videre, som ein jo skal, er både vanskelig og lett. Dei fleste har fortjent den, og eg vil slett ikkje såre nokon som desverre må utebli denne gongen...



Valget har til slutt falt på: Bjørg, Evas Univers, Gamleheksa, Strikkeforbi, Nunne, Fru Rønne, Hilde S, Solveig.

tirsdag 2. desember 2008

Årets julebakst

Sidan jula i år skal feirast i Nordsjøen, er baksten minimal og unnagjort i kveld. Slett ikkje sju sorter, eller....

Lefser, kjøpt på julemessa...
Krumkaker, steikt i dag. 10 stk. i kakeboksen, resten har støvsugaren ete...
Julenøtter, også steik i dag. Småbrent fordi telefonen durte...
Kokos-makaroner fra Mega, heilt sikker kjempegode...
Smultringer, ei kjempe stor deig. Steikt i kveld saman med ei god veninne.

No sit eg her, kjempefornøgd med årets utvalg. Det er nok både til meg, familien, og småfuglane denne gangen også. Og kva er betre en å avslutte kvelden med litt strikking, ein god kopp te og litt prøvesmaking.