fredag 25. februar 2011

Nepalteppe

Vel tilbake i heimen og teppe er ferdig. Har fått vekk det meste av smårestar, fått litt av naboen, og kjøpt eit nøste med lys beige. Dette for at kvit ikkje burde brukast, og eg trengte noko lyst farger. Har strikka lengder, som er sydd saman. Ferdig mål. 1m x 1m.


Her kan du lese meir om Nepaltepper...


mandag 21. februar 2011

Marius-gensar.

Så er endelig Marius,en ferdig. Dette skulle ha vert ei julegave. Men fordi eg blei sjuk, bolen vart strikka i str. 3 år og armane i str. 1 1/2 så blei det ikkje noko gave til jul. No har den fått nye armar, og blir nok gave til slutt.


Garn: Smart frå Sandnes.


fredag 18. februar 2011

Panneband.

Kjapt kveldsarbeid. 2 stk. panneband som skal giast bort... Må nok finne nokre koselige knappar og pynte litt med.

Rester...

Også på hytta fins det garnlager.. Mest raggegarn, men også ein del restar av ulike typar. Etter å ha vert innom bloggen til denne dama, kom tankane om å få rydda skikkelig opp. Her skal det bli tepper til Nepal.. Og etter ei lita veke på hyttetur, var det ikkje meir restar att....


lørdag 12. februar 2011

Seggehuer....

No er det seggehuer som gjelder for Gromguten. Så då har seterdalshua fått litt ny utsjånad.

Og gutens bestekompis ville også ha seggehue. Denne er identisk med den lyseblå for nokre veker sidan. Ikkje kjenner eg guten, men håpar hua fell i smak.
God helg!

fredag 4. februar 2011

Seterdalsgensar....

Bursdagsgave til Gromguten. Str. 12 år, han må ha litt å vekse i....
Strikka i Smart frå Sandnes.


Og medan uveir og stormmeldingar trugar utfor stovedøra, skal farmor kose seg med meir strikketøy og sports- TV. Kansje er det mulig med ein kjapp trimtur mellom bygene..

God helg !