lørdag 30. juli 2011

Roser....

Ei vond veke er over. Ei veke med sjokkmeldingar, død og fordervelse. Men også ei veke med samhold og kjærligheit. Måtte det være det siste som får overtaket, det som etter tid vil være det sterkaste minne om denne vonde veka.
Dei døde, såra, og all styrken til hjelpemanskapa, må aldri bli gløymt, dei vil vi gjøyme i hjerta våre.

Kjærligheita skal vekse og blomstre som roser for alltid.



Mengda med bomulls-garn minkar, stabelen med gryteklutar veks...



onsdag 27. juli 2011

"Pause-bilder"...




Så er huene ferdig, og er havna i skuffa for gaver....


Det var spørsmål om å få sjå dei ferdige, og her er resultatet. Kvikk Lunsj hua bør ha ein mørkare farge. Den andre hua miste litt av dei klåre fine fargane når den blei tova og børsta, men til gjengjeld er den tett og fin, og litt lodden..




I ein overgangsfase er det litt vanskelig å vite kva ein no skal sette i gang med. Utelivet er større her på hytta, men litt strikking på terassen blir det nok. Og snart blir det mørkare kveldar og innekos, så eg fryktar ikkje for arbeid framover...




Ynskjer alle ei fredfylt helg !




torsdag 21. juli 2011

Hybel-tilværelse...

Det har vært stille her ei stund. Om nokon skulle tru at eg har feriert, så langt ifrå. Eg har flytta.. Leiligheita er solgt, ny er ferdig i feb/mars. I mellomtida bur eg delvis på hytta, og på hybel hos ei veninne. Har ikkje med meir enn eg strengt tatt treng det neste halvåret.. Det innbefatta symaskin og strikkegarn...




Sjølv om eg har drevet med garnslanking sidan nyttår, er det enno mykje att. No er det bomullgarnet sin tur. Etter sortering skal her bli gryteklutar, oppvask-klutar, og kansje nålputer..

Fortsatt God Sommar !