Strikka i baby-ull frå Dalegarn. Størrelse 0-3 mnd. Denne jakka er strikka frå halskanten og nedover.
søndag 30. oktober 2011
torsdag 27. oktober 2011
Trøyst for ein stoffsamlar...
Stoffkjøp hjelper til å halde i gang konjukturane..
Stoffkjøp er billigare og meir morosamt enn ein psykiatar..
Stoff treng ikkje oppbevarast i kjøleskap..
Stoff skal ikkje tilbredast for å nytast..
Stoff skal ikkje monterast, bytast på, eller mosjonerast..
Stoffkjøp er ikkje umoralsk eller feitande..
Stoff roar nervane og tilfredsstillar skjela..
Stoff er bra til å dekkje tidlegare tomme flater,
t.d. strykebrettet, kjøkenbordet, eller gjesterommet..
Stoff tilfredsstiller lengten din etter venleik og innspirasjon,
i alle fall fire gonger. Når du kjøper det, når du tittar på det,
når du syr noko av det, og når du bruker den saka det blei til slutt.
Stoff er oftast billigare enn bildelar, båtutstyr, golfutstyr og fiskesaker..
Den som har mest stoff vinn..
Du får lov å kjøpe meir,
det har du faktisk fortjent !
Skulle det no vere trådnøster som er din lidenskap,
så gjeld same orda der og...
fredag 21. oktober 2011
Babystrikk...
Eit nytt barnebarn er venta til våren. Etter å ha smilt for meg sjølv i 2-3 veker, kunne eg sleppe gleda, og trådnøsta, lause då det vart allment opplyst. No veit ikkje eg om det blir ei lita prinsesse, men kan jo håpe.
Dette er ei av dei finaste babyjakkene eg nokon gang har strikka, og eg har strikka mange. Oppskrifta er minst 20 år, og veldig jente...
Skulle det no bli gut, så har eg mange oppskrifter til, og kort vei til garnbutikk.
Gleder meg uansett...
Dette er ei av dei finaste babyjakkene eg nokon gang har strikka, og eg har strikka mange. Oppskrifta er minst 20 år, og veldig jente...
Skulle det no bli gut, så har eg mange oppskrifter til, og kort vei til garnbutikk.
Gleder meg uansett...
onsdag 19. oktober 2011
Monsterbukse...
Farmors prins har starta i barnehagen i haust. Mamma,en ønska seg strikkebukse, og gjerne med monster bak.
Strikking går kjapt, det er verre med broderinga etterpå. Det kan tære på farmors tolmod..
Då er det kjekt at prinsen har ei strikkeglad tante som fikser det kjapt medan ho ventar på middag.
Garn: Smart frå Sandnes. Str. 2 år..
lørdag 15. oktober 2011
Trekantskjerf...
To stykker skjerf er blitt til i det siste. Enkel strikka, riller fram og tilbake til nøste er nesten tomt. Så hekla ein liten "blondekant" rundt.
Garnet er ein Mohair-blanding. Ufyseleg seier husets datter som har Mohair-traumer frå barneåra..
Fargen er vel det eg er mest fornøgd med, dette er verkelig min....
Garnet er ein Mohair-blanding. Ufyseleg seier husets datter som har Mohair-traumer frå barneåra..
Fargen er vel det eg er mest fornøgd med, dette er verkelig min....
Ha ei flott helg !
Abonner på:
Innlegg (Atom)