søndag 23. desember 2012

GOD JUL

Ja-da, eg er i live og har det i grunn ganske bra, sjølv om det har vert ganske stille på bloggen i lang tid. Eg lir berre av tiltaksvilje, og mangler litt overskudd. Men litt får eg då ordna..
 
Her ein basarduk som måtte få montert band, er vist blitt ein tradisjon..
 
Mors stabel med strikkesokkar, klar med merkelapp. Har hatt den etterkvart tradisjonelle førjulsvisitten der og.....

På juleavslutning i Quilte-gruppa til Husfliden. Koselig kveld med kjekke damer...
 
Så har julefreden senka seg over heimen. I år skal eg feire jul med husets datter, i hennar heim.  To vaksne damer, med to "nesten" vaksne døtre, og Susse-pus. I siste liten er det komt med ein kar, med bikkje..  Stakkars mann, seier no eg......  (Bikkja er nydelig)....
 
No står jula for vår dør
og eg tenkjer som so ofte før,
at alle gleder vi har delt i år
håpar eg vi får dobbelt av neste år !

onsdag 7. november 2012

Meir dokkeklær

Klar for sure haustdager...
 
Og kalde vinterdager..
 
Badekåpe i Sandnes Petit, og teppe i babyull....
 
Er det noko problem å være dokke da...

lørdag 3. november 2012

Basardokke...


 
Det er tid for basar, og ingen basar utan dokke. No er dokka mi berre modell for anledningen, og på vei til å vekse ut av kleda. Desse dokkeklærene er slikt som eg pusler med inn i mellom store, og meir tidkrevjande aktivitetar. Garnet er ulike restar, som eg stadig driv og ryddar i, men kjem vist skjeldan i mål...

søndag 28. oktober 2012

Julegåve

 
Til ein lillebror. Mamma,en ønska seg ei jakke. Denne er i størrelse 9-12 mnd. Armane skulle brettast opp, men kan med fordel brettast ned etter kvart som guten veks.
Garnet er Lerke frå Dale, ein fin blanding i Merinoull og Bomull.

tirsdag 23. oktober 2012

Marius gensar.

Marius-mønsteret er i vinden som aldri før, i følge husets datter på garnbutikken. Denne utgaven, i litt ansleis farger, skal på Sanitetens haustbasar. Fikk overlevert ein stor pose garn, som ut ifrå prisen, må ha lagt lenge bortgløymt. Etter kvinnenes ønske blei det ein barnegensar, så får resten blir til etter kvart..
Garn: Safir, pinner nr. 4 og str. 8 år.

søndag 7. oktober 2012

Søndags middag på VFR

Slik føler eg meg i kveld, dansande glad. Er tilbake ein kjapp visitt på ei av mine "gamle" plattformer. Med ein utruleg flott og velsmakande søndagsmiddag, skalldyr i alle fasonger.
Det er alltid kjekt å komme tilbake på visitt, helse på gamle venner, og å treffe nye. Sjølv om denne turen kom litt brått på, var eg kjapp til å takke ja...
Neste gang så ber det nok opp att til Haltenbanken, og det føles også heilt rett. Det er der eg høyrer til no..

Til alle bloggvener...   ha ein flott kveld, og ein flott start på ei ny veke i morgon...

torsdag 27. september 2012

Julegave.....

Litt tidlig å snakke om jula enno, men det er greit kva som er gjort.... Dette er samme grunnmønster som forrige genser. Skal bli gave til ein kjekk liten venn. Håper mora ikkje er innom her så ofte, om ho veit at eg blogger. Ho veit nok at det kjem ein ny gensar kvart år, men ikkje form og farge...
Dette er  Smart frå Sandnes, og restegarn..

tirsdag 25. september 2012

Basargensar....

Barnegensar av restegarn i str. 4 år. Noko nytt og noko gammalt. Er stadig vekk å ryddar i trådlageret, har utruleg mykje liggande. Denne havner nok på basar...
Er strikka i Smart frå Sandnes.

Ein sommar er over....

At sommaren er over, det er det vel ingen tvil om. Om den nokon gong kom skikkelig dette året, det er vel litt tvilsomt. Nokre flotte haustdagar har vi verkelig hatt, som her på hytta mi. Eg har vert der ei lita veke for å gjere klart til hauststormane. For att dei kjem, er det heller ikkje tvil om.
 
Å kunne sitte på trappa på vest-sida, og nyte mat og drikke, ein sein septemberkveld hender ikkje ofte.   Måtte vi få ein lang og flott haust... 

onsdag 19. september 2012

Pledd til haustkveldane..

 For leeennnge sidan starta eg på eit strikkepledd på jobben. Men, akk..., så kjedeligt arbeid. Etter fleire runder ut og inn av skapet, blei det til at eg tok det med heim i vår.
 Så vart det for nokre veker sidan ei ny historie med ei tå. Ikkje brudd denne gangen, berre 2 brest.  Og då vart jo dette eit flott "sitte i ro" arbeid. Medbrakt krykker var eg på ein busstur til Stockholm i denne tida. Trådnøsta blei med, og 2 av ferievenene mine strikka også.

No er teppet ferdig, har fått påhekla "blonde-kant", og ventar berre på ein aldri så liten toveprosess. Må nok bruke ei stor vaskemaskin, så teppet skal få ein ny tur i havet.
Seinare skal det bli koseteppe på terassen, i seine haustkveldar, medan eg nyt tekrus og solnedgang.

Strikkegarn: Tove frå Sandnes.  Strikkepinnar nr. 4.  Mål: før toving, 1,45 x 1,25.

God helg

lørdag 15. september 2012

Quilte-kurs

Starta på quilte-kurs fredag ettermiddag. Det er mange år sidan eg har drevet med dette, og mangt har forandra seg, og nytt utstyr komt til.
 
Tema var haust, og kva passer betre enn støvlar og paraplyer. Føler eg har sydd paraplyer i heile dag, men sannelig var det moro.
 
 
I morgon skal kurse avsluttast, og forhåpentligvis er duken då ferdig.

God helg til alle bloggvener !







torsdag 13. september 2012

Ferie-strikketøy...

 
Sjølv om det har vert lite blogging i nokre månader, så har strikkepinnane blitt flittig brukte. Både på jobb, heime, og på ferie. Då eg var over til Canada i 2 veker hadde eg også strikketøyet med. Og fikk handla inn noko garn til å ta med heim att.
 
 
No er det snålt å strikke slikt med varmegrader på 28-32, som det var desse 2 vekene. Men ventilasjonssystemet gav meg skikkelige kalde føtter. Kjapt blei det strikka eit par lommetøfler. Desse blei så populære at det blei 5 par til slutt.
"Minstemann" gjorde meg oppmerksom på at det var ingen som strikka sokker til han lenger. Så blei det 2 par solide herresokker, og eit par til "fruen".

mandag 3. september 2012

Sommertopp


Denne sommertoppen strikka eg tidlig på sommeren. Bomull frå Sandnes, Mandarin Classic. Har brukt den utruleg mykje, og den er like fin etter mang ein vask.

Ha ei flott veke...

torsdag 30. august 2012

Annorakk til Erlend

Lille Erlend kom til verden i sommar. Som sjølvutnevnt "strikkebesta" til han og storebror, måtte eg finne på noko. Denne "annorakken" er strikka i dobbelt babygarn, str. 6-9 mnd. Kan være god å ha når hausten kjem inne i  Sogn.

onsdag 29. august 2012

Nytt inn og gammalt ut...

Ny PC i heimen. No skal det bli betre tider, både på bloggen, nettbank og andre plasser. Har i lengre tid lånt ein pc som ikkje alltid ville som eg ville... Det er både kjedeligt og frustrerande.
 
All den gamle "skiten" er på veg ut av huset. Samtidig så liker eg ikkje dette kjøp og kast greiene. Men slik er verden blitt, og innen teknologien er det ikkje vits og samle opp, og tru at ein får bruk for det ein dag..

tirsdag 10. juli 2012

Årets ferietur....

Farmor er nett komt heim frå det store utland. I 2 veker har eg vært på besøk hos "minstemann" og familien. Det var stort å få helse på lille Gavin, som hadde rukke å bli over 4mnd.
Vondt å tenke på at det er lenge før eg ser dei att. Med lange reiser, stor tidsforskjell, 4 flybytter kvar veg, så er det ikkje berre å reise spontant. Nokså dyrt er det og...

I morgon er det ei anna reise som er på gang....  jobb.  Ha ei flott veke rundt omkring!

søndag 10. juni 2012

Sommertopp i Svale


Denne sommertoppen blei ferdig no tidlig på våren. Den er strikka i Svale, ein blanding med bomull, vikose og silke. Eit skikkelig flott garn å strikke med, og behagelig å ha på kroppen. Den er til meg sjølv, og eg er godt fornøgd med resultatet...

fredag 8. juni 2012

Kakebord til helga....


No i desse streiketider er det ingen ting som er normalt...  Eg er på jobb i havet, og vi merker streiken godt her også. Merkelig stille på helikopterdekk, liten trafikk...
Heldevis streiker ikkje vår suverene baker Jane. Gode kaker har ho alltid, dette er nok frå tidligare, kansje påske. Til helga skal vi kose oss att, og håpe på at det meste er ok over helga...  Vi vil så gjerne heim, vi to, og fleire med oss.
  
God helg til alle blogg-vener!

søndag 3. juni 2012

Bursdagsgave...

Når man er så heldig å ha ei handarbeidsintresert datter, då kan det mest spennande bli til gaver.  Når den samme jenta jobber på strikkebutikken, då må det berre bli full klaff. Dette flotte strikkepinne-etuiet med pinner i alverdens utgaver, var årets bursdagsgave, og mor blei aldri så lite taus eit øyeblikk.

Har ikkje fått prøvd dei enno, men det ordner seg straks.....

Takk skal du ha, jenta mi......

torsdag 17. mai 2012

Tilbake....

Endelig er eg tilbake etter ein ufrivillig pause... Pc,en bestemte seg for å dø midt i den travligaste flyttesjauen. Her gjaldt det å ta alt i rett rekkefølge.. Ny heim, og lånt PC, enn så lenge...

 Sjølv utan PC går livet vidare.. I dag har eg feira Nasjonaldagen og bursdag til husets datter..

 I forrige veke var det egen bursdag og "innflytningsfest"...

I April hadde eg ei langhelg på Svalbard. Dette er 3.besøket der oppe, og eg er stadig like fasinert. Men bamsen fikk eg ikkje sjå denne gongen heller.

lørdag 21. april 2012

Ein enkel vott

På størrelse med ei mellomstor fyrstikkeske. Ikkje rare greiene, og så berre ein.....
Kva meir kan ein forvente i travle tider? PC,en er sjuk, blir truleg aldri frisk att, seier mors rotekopp. (les. elste sønn) joho, dette kan gå bra, trur ikkje det er hovedkortet, seier minstemann, på andre sida av havet...
Husets datter låner villig ut utstyr så mor kan halde orden på banken, og penger på ut og innkonto...
I denne frustrerte tida har eg alikevel komt meg inn i ny heim, og er strålandes fornøgd... litt mildare barnesjukdommer er det nok der også, men blir rydda unna etter kvart som dei blir registrert. Banankassane er derimot ikkje rydda bort enno, men det hjelper på litt etter litt.

Så tilbake til votten. Den skal nok brukast. Henger så flott på jobb-veska mi, og er lett å finne når man står på helidekk, i storm og snøkave, med 20 bager som alle er like. Inne i votten er det nett plass til ei lita plasteske med ørepropper, så slepp eg å leite etter dei når det er behov for denslags..
I mellom desse ulike aktivitetane har eg sysla med div. handarbeid, så smått. Det må nok berettast om seinare når eg er tilbake til normale dager.




Flott søndag til alle bloggvener!

søndag 18. mars 2012

Bursdagsgutane....

I dag fyller "minstemann" 29 år. Utruleg kor fort tida går. Stor bursdagsklem går over havet og til Canada. Mor saknar deg, men snart er det sommar og då er eg der...

Den elste av dei små fyller også år, heile 11! Bursdagsklem til Fredrikstad også... farmor saknar deg og, skal nok ringe før dagen er over...




Alle dere andre, ha ein fin søndag!

onsdag 14. mars 2012

Tova tøfler...

Tova tøfler er tingen når det er vinterferie og tur til fjells. Ein av gutta på jobben ville gjerne ha tøfler til heile familien som skulle ha bobilen som samlingspunkt. Og det er klart han måtte få.. Fargane har han plukka ut sjølv, ikkje noko krangling om "kven sitt, og kva".... Kjapt å strikke, dette er nett det ein rekk på 2 veker i Nordsjøen.

Strikka i Fritidsgarn frå Sandnes, 2 runder i vaskemaskina på 60gr. og ein desj grønsåpe.



tirsdag 6. mars 2012

Prinsessegensar...

Prinsessegensar, strikka i Sisu frå Sandnes. Oppskrifta fann eg i eit ukeblad på jobben, og så blei det jobbstrikk. Har ikkje noko eigar enno, men det kjem nok....



God helg.. frå havet!

Tyrkia

På vandring ned Kapuz Cay-dalen



" Bomullsslottet" i Pamukkale



Over elvestryk..



Perge, den antikke byen frå Romertida..



Gamle handverkstradisjoner..


Etter å ha komt heim frå ei vekes ferie-tur, er det på tide å sotere bilder og inntrykk. Dette var ein vandringstur, med flotte naturopplevelsar, mykje kultur og litt shopping. Værgudane var med oss dei fleste dagane. Når dei store medbørsmengdene kom på slutten av veka, var det liksom heilt normalt for to sunnfjordingar..









lørdag 3. mars 2012

Prince Gavin



Princen er født "over there", og er allerede blitt over 14 dager. Eit lite under på knapt 3 kg som farmor gleder seg stort til å møte i sommer.

I mellomtida blir det meir babystrikking, enten "slik eller sånn", eller kansje begge deler..


Ha ei flott helg!



tirsdag 21. februar 2012

Ut på tur....

I morgon, i morgon, men ikkje i dag.... går turen til Tyrkia. Då skal Husets datter og mor på vandringstur i Antalya-området. Gjett om eg gleder meg.....

Ha ei flott veke dere som er att i vinterlandet....


mandag 20. februar 2012

Nye Albaniasokker...

Eit nytt "knippe" med Albaniasokker er ferdig og sendt. Noko fargesprakande blir det med restegarn, men satser på at gleda over varme sokkar er viktigast....

torsdag 2. februar 2012

Lommetøfler...

Enno eit restegarnsprosjekt. Garnet er ull, men ellers av utkjent opphav. Kanten rundt er hekla i "eit eller anna" loddent. Strikkepinner og heklenål nr. 3,5.
Ender nok på basar dette også...




lørdag 28. januar 2012

Arbeid på gang...

Et nytt babyteppe er i gang. Restegarn no også... Mykje er frå eget lager, men også frå andre strikkeglade damer som etter kvart kjenne til prosjektet..







Eit trekantskjerf frå ukjent opphav.. med ein nydelig struktur i garnet. I fjord haust fikk eg ein stor sekk med garn frå Sanitets-foreninga. Prøver å nytte opp det som er brukande til basar-gevingstar..







Ha ei flott og kreativ helg !